Vg4 påbygg for lærlingar
Nettskulen vidarefører skuleåret 2025-26 pilot-/forsøksklassen, der ungdom med lærekontrakt kan ta påbygg vg4 parallelt med læretid i bedrift. Tilbodet er for ungdom som har teikna lærekontrakt våren og sommaren 2025.
Forsøksklasse med påbygg for lærlingar
Skuleåret 2024 – 25 starta Nettskulen ein pilot-/forsøksklasse, der ungdom med lærekontrakt fekk moglegheit til å ta påbygg vg4 parallelt med læretid i bedrift. Tilbodet vert vidareført, skuleåret 2025-26, og er for ungdom som har teikna lærekontrakt våren og sommaren 2025.
Faga frå vg4 påbygg vert fordelt på to år med 281 timar undervisning første året og 364 timar andre året. Undervisninga er på ettermiddagstid. Dette er eit tilbod som passer for deg som er motivert og er innstilt på å bruke ekstra tid for å oppnå studiekompetanse parallelt med opplæring i bedrift.
Organisering av undervisinga
Høyanger vgs vil ha ansvar for undervisninga i regi av Nettskulen. Undervisninga består undervisningsøkter i sanntid, der alle elevar må vere til stades på nett til same tid – synkron undervisning – og ein fleksibel asynkron del.
Sanntidsdelen er lagt til tysdagar og torsdagar, frå kl. 16:30 til 18:00. Du må kunne delta i sanntidsdelen og gjennomføre den fleksible undervisningsdelen kvar veke for å få vurdering og godkjent opplæringa.
For naturfag kan det bli nokre fagdagar der du må møta fysisk på skule i løpet av året. Andre fag kan ha ein til to fagdagar til i løpet av skuleåret.
Fag og timefordeling
Følgjande fag inngår i opplæringa:
Faga som inngår i vg4 påbygg utgjer til saman på 645 årstimar. Desse timane er i opplæringsmodellen fordelt over 2 år og vert gjennomført parallelt med læretida i bedrift.
Dei fire faga i Vg4 påbygg vert tatt over to år:
Norsk (140 t.) og matematikk (140 t.) – skuleåret 2025-26.
Historie (140 t.), norsk (140 t.) og naturfag (84 t.) – skuleåret 2026-27.
Kven kan søke?
For at du skal bli vurdert som søkjar til tilbodet må du:
Ha fullført og bestått alle fag (inkludert eksamenar) på vg1 og vg2 yrkesfag.
Ha inngått lærekontrakt som har oppstart hausten 2025.
Ha avklart med opplæringsbedrifta at du kan delta i opplæringa parallelt med opplæring i bedrift og at bedrifta kan tilpasse for dette.
Ha kontrakt med opplæringsbedrift/arbeidsgjevar om at du kan delta i, og gjennomføre samlingar, vurderingar og eksamen når dette vert påkravd innanfor ordinær arbeidstid.
Vurdering
Som elev vil du ha skriftlege og munnlege vurderingar. Dette vert gjennomført som lyd-/videoinnleveringar og fagsamtalar over Teams i faga. I tillegg må du kunne møte ved ein vidaregåande skule i nærområdet ditt for å gjennomføre heildagsprøver (ein gang per halvår i fag som norsk og matematikk).
Eksamen
Opplæringa følgjer trekkordninga for ordinært vg4-påbygg. Deltakarar på vg4 påbygging skal ha same tal eksamenar som vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Det vil sei at i tillegg til obligatorisk eksamenen i norsk hovudmål skal du trekkjast ut til to andre eksamenar. Eksamen kan gjennomførast ved ein privatistskule, eller ein vidaregåande skule i nærområdet ditt.
Undervisningsutstyr og ferdigheiter:
Eiga datamaskin inkludert hovudtelefonar med mikrofon.
Tilfredsstillande internett (tilkopling).
Grunnleggjande ferdigheiter i bruk av Teams, OneNote, Word, m.m. og bruk av pc og internett.
Kva vert forventa av deg som deltakar?
Kombinasjonen opplæring i bedrift og opplæring på skule vil vere krevjande. Gjennomført og bestått opplæring i bedrift og fagprøve, kombinert med bestått vg4 påbygg i lære, gjer at du kortar ned den samla opplæringstida (fagbrev + vg4) med eitt år. Dette stiller høge krav til deg som deltakar. Du må vere innstilt på å bruke store deler av fritida di på dette arbeidet. Nettbasert opplæring krev òg at du er disiplinert og motivert for denne undervisningsforma.
Søknad og søknadsfrist
Opplæringstilbodet vert opna for innsøking frå og med 30 juni 2025.
Det vert lagt ut link til søknadsskjemaet på denne sida.
Før du kan søke må du ha inngått avtale med lærebedrifta di om at dei kan legge til rette for deltaking i opplæringa. Du kan bruke denne malen som utgangspunkt for avtale.
Link til avtalemal: Avtale om tilrettelegging
Avtalen må vere signert.
NB: Dette er ei forsøksordning er det ikkje lagt til rette for søknad gjennom Vigo for dette tilbodet.
Link til: Søknadsskjema
(Skjema er ope før søknad i perioden 30.06 til og med 07.09)
Søknadsfrist er : 07. september 2025.
Inntak vert gjort på grunnlag av karakterpoeng frå vg2.
(Les meir om poengutrekning på vilbli.no)
Deltaking i piloten og forsøket
Aktuelle elevar vil få beskjed om dei har fått plass i forsøksklassen.
Dersom du får tilbod om plass i denne forsøksordninga, må du informera lærebedrift/arbeidsgivar om dette.
Undervisninga starar i veke 38.
Dersom forsøket blir vidareført, vil nye deltakarar kunna starta i september 2025.
Nærare informasjon om oppstart vil bli sendt til utvalde deltakarar.
Dersom du ikkje får plass
Om du ikkje får plass i forsøket, har du framleis høve til å ta påbygg vg4.
Ordninga med påbygg vg4 gjeld for dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring. Alle som har bestått fagopplæring, har rett til eit tilbod om påbygg vg4.