Oppstartsamling 2025
I haust startar me opp godt over 80 nye lærlingar i dei ulike medlemsbedriftene me har her i Sogn. Tradisjon tru har me siste veka av august og fyste veka i september oppstartsamling for dei nye lærlingane.
På agendaen står det informasjon om rettar og pliktar i arbeidslivet, lunsj og teambuilding.
Sidan lærlingane er mange, deler me dei opp i grupper etter kvar dei høyrer til geografisk. Denne gongen var det Hydro sine lælingar som var fyst ut. Hydro tar årleg inn omlag 20-30 lærlingar, så det er naturleg å samle alle dei i ei gruppe. Dagen starta i Teknologiparken der me går gjennom rettar og plikter ein har som arbeidstakar, sidan dette er for mange det fyste møtet deira med arbeidslivet. Me brukar også tid på OLKweb, som er verktøyet lærlingane brukar til å dokumentere læreplan i læretida si.
Etter ein kort lunsj tok me turen til Seimåsen der me spelte ein runde frisbeegolf. Her er det alltid ulike erfaring, men det viktigaste er at alle har det kjekt.
Andre samling vart også avholdt i Teknologiparken og på Seimsåsen. Då kom det lærlingar frå Årdal, Lærdal, Aurland og Flåm.
Siste samling hadde me på Vitemeir og Kaupanger. Me låner lokaler frå Sogndal VGS og brukar Kaupanger Frisbeepark til teambuilding. På denne samlinga kallar me inn lærlingar frå Kaupanger, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Vik, Hafslo og Gaupne. Sidan desse geografisk høyrer til over fjorden, gjer det logistikken enklare for mange. Me går gjennom same informasjon på alle samlingane, slik at alle får lik informasjon.
Rettleiingstenesta Indre Vestland var også ein tur innom samlingane våre for å presentere seg. Rettleiingstenesta er ei offentleg teneste som skal hjelpe ungdom som treng ekstra støtte for å fullføre læretida si.
Då gjenstår det berre nokre veker med planlegging til, så er me straks klare for å besøke alle dei nye lærlingane våre i bedriftene sine. Me gler oss til å bli kjend med mange nye lærlingar, og følgje dei gjennom læretida.