ERASMUS+ Våren 2026

Sogn Opplæringskontor tilbyr gjennom Erasmus+, praksisopphald i Polen (industri) og Kroatia (helse og barne- og ungdom) våren 2026.

Me kan tilby følgjande våren 2026:

Fagområde                     Tal deltakarar                 Land

Helsefag                                                     3                         Kroatia

 

Barne- og

Ungdomsarbeidaraget.                       3                         Kroatia

 

Industriteknologi                                     2                         Polen

 

Gjennom Erasmus+ programmet kan du som lærling ha 3 veker av læretida di i utlandet.

Eit slik opphald vil gi deg som lærling arbeidserfaring i eit internasjonalt miljø, utvida fagkunskap, utvida interkulturell kompetanse, språkerfaring, insprasjon og motivasjon samt utveksle erfaringar og kunnskap med kollegaer i ein internsjonal kontekst.

 

• Opphaldet gjennom ERASMUS+ programmet til fylkeskommunen er på 3 veker. Opphaldsperioden vil vere i mars for helse og barne- og ungdom og mars/april/mai/juni for industri 2026.

• Alle utgifter til reise, opphald samt diett blir dekka av Sogn Opplæringskontor. 

SOK oppmodar deg til å benytte anledninga og ta 3 veker av læretida i utlandet.

Er dette er noko for deg? Har du andre spørsmål rundt Erasmus+, ta ein prat med opplæringskonsulenten din eller ring Laila på mobnr:  90 63 59 33/send epost til laila@sognok.no

Korleis søker du?

SOK vel ut kandidatar gjennom dialog, søknad og intervju. Send søknad på epost der du skriv litt om deg sjølv, dine interesser, ditt engasjement og din motivasjon for å delta i Erasmus+.

Kriteriar som blir lagt til grunn i utvelgelsen:

•     Motivasjon

•     Interesse

•     Fagleg utvikling

 

Send søknad til laila@sognok.no

Kven kan søke?

Både 1. års og 2. års lærlingar kan søke, 2. års lærlingar vil bli prioritert.

 

SØKNADSFRIST 10. JANUAR 2026

Neste
Neste

Oppstartsamling 2025