Fagbrev på jobb

Ei opplæringsordning for ufaglærte arbeidstakarar med allsidig erfaring i eit lærefag, og som ønskjer å ta fagbrev

Fagbrev på jobb er ei opplæringsordning for ufaglærte arbeidstakarar med allsidig erfaring i eit lærefag, og som ønskjer å ta fagbrev i dette faget. Kandidaten må vere tilsett i ei bedrift, og bedrifta må vere godkjend som lærebedrift i det aktuelle lærefaget.

Om ordninga Fagbrev på jobb

Det er lærebedrifta som søkjer om fagbrev på jobb-kontrakt på vegne av kandidaten. I Vestland fylkeskommune er det krav om minst 12 månader med relevant arbeidserfaring for å kunne gå inn under opplæringsordninga. 

I 2024 vart det politisk bestemt at fabrev på jobb skal være ei fast ordning.