Resultat Teknologiveka 2025 – Elevbesøk
Her kjem resultata frå konkurransen i Øvingsfabrikken - Teknologiveka 2025.
I løpet av ei veke har nesten alle skulane frå Sogn vore på besøk i Teknologiparken, hatt omvisning på Hydro, samt besøkt ein stand frå HMR Hydeq.
Balestrand, Vik, Hafslo, Kaupanger, Leikanger, Lærdal, Aurland, Sogndal, Farnes og Tangen har alle delteke i konkurransen i øvingsfabrikken vår. I løpet av ein time skulle elevane konkurrere om kven som klarte å gjere det best på sveisesimulator, quiz og to ulike produksjonslinjer.
Under her kan ein sjå bilete av kven som gjorde det best totalt i konkurransen. Dersom ein vil sjå korleis det har gått med klassane i dei ulike øvelsane, kan ein sjå resultat i bildekarsusellen.
Me gratulerer Farnes Lag A med fysteplassen.
Me vil også retta ein stor takk til bedriftene som stiller opp, til lærlingane som er fantstiske lærar og førebilete for elevane og for god pizza frå Digla.