Lampeprosjekt 8. klasse – Tangen skule
I vinter fekk me spørsmål frå 8. klasse på Tangen skule om SOK ville vere med på eit samarbeidsprosjekt i kunst- og handverk, det sa me sjølvsagt ja til.
Etter mange år med pizzafjøler og krakkar, var me glade for at nokon ville ut av komfortsona, og teste noko heilt anna.
8. klasse ynskja å designe sin eigen lampeskjerm, og slik starta prosessen til «Lampeprosjektet».
Elevane starta med å teikne utkastet sitt på papir, og me var nede på besøk for å gi informasjon om storleik, og kva moglegheitar og begrensingar Beamboxen vår kom med. Beambox er ein CO2-laser som ein kan bruke til å skjære og gravere i ulike materiale som tre, lær, akryl og meir. Den er veldig nøyaktig, så elevane måtte vere like nøye i utforminga si.
Me fann ei gratis programvare som gjorde at elevane kunne overføre designet sitt i eit filformat som passa utstyret me har i Teknologiparken. SOK stod for materiale og utlån av laserkuttaren, medan elevane stod for all utforming, design og montering.
Etter kvart som elevane vart ferdige med skissene sine, tok me ein testrunde. Alle elevane fikk skrive ut delar av lampeskjermen sin, for å teste om delane passa saman. Nokre endra størrelse, medan andre måtte gjere småjusteringar eller endring av vinkel. Mange tenkte nok på dette tidspunktet at pizzafjøla ikkje var så dum like vel, men dei holdt ut.
Me i SOK er så stolte over at dei holdt ut og valte å prøve noko nytt, for det kan vere skummelt for både elevar og lærarar. For sjå kva som kom ut i andre enden! Me kan vel seie at dette må vere dei kulaste lampeskjermane som har blitt laga på Tangen skule nokon sinne.
I tillegg til å lage lampeskjermar har elevane fått god øving i tolmod, nøyaktigheit og masse, masse matematikk. Dei meistrar også ei programvare som er laga for elevar langt over deira alderstrinn.
Så tusen takk for samarbeidet 8. klasse, håpar de er stolte av dykk sjølve.