Sommarskule 2026
I år har me igjen vore så heldige å hatt sommarskule her hjå oss i Sogn Opplæringskontor. Sommarskulen er eit samarbeid mellom Årdal Kommune og SOK, og har dei siste åra invitert born og unge til koding og programmering i Årdal Teknologipark.
Sommarskulen med SOK er til tilbod til born i mellomtrinnet på Farnes- og Tangen skule. Dette vil seie born mellom 10 og 13 år i løpet av skulefrien.
I år har me hatt to puljer med besøk. Først hadde me to dagar i juni, der 3D-printing stod på programmet. Her lærte borna alt frå korleis programvare ein brukar, til kva filament som er riktig for kva ein ynskjer å lage. 13 ivirige jenter og gutar meldte seg på, og kunne ta med seg heim ein eigendesigna og 3D printa nøkkelhank.
No i august har elevane laga ei eiga såpeboblemaskin. Såpeboblemaskina kjem i ei eiga pakke, der elevane har alt utstyret samla på ein plass. Først må dei bygge opp maskina, deretter koblar dei maskina opp via bluetooth til ein iPad, og programmerer da både armen som skal gå opp og ned i såpevatnet, samt vifta bak som skal gi luft til boblene.
Me opplev at elevane er ivrige, engasjerte og lærevillige, samt at dei kosar seg og kjenner meistring når dei klarar dei ulike oppgåvene. Takk for besøket alle saman, håpar me ser dykk neste år!