Fagbrevseremoni 2025
Onsdag ettermiddag hadde me Fagbrevsermoni der lærlingane som tok fagbrev i 2025 fekk sitt synlege bevis på at dei er fagarbeidarar og klare for nye utfordringar.
Dette er fyste gong SOK deler ut sjølve fagbrevet, tidlegare har dette vore arrangert av fylkeskommunen.
Totalt 68 lærlingar i Sogn Opplæringskontor fordelt på 12 ulike fagområder tok fagbrev i 2025. Sjølv om ikkje alle hadde høve til å delta, hadde dei som kom teke på seg finstasen og invitert med seg familie og venner.
Utdelinga fann stad i Årdal Teknologipark der ordførar Christian Sønstlien var med å sette ei høgtideleg ramme rundt arrangementet med nokre velvalgt ord på vegen. Håkon Hollevik stod for lærlingane sin tale og Raaskinn sytte for kulturellt innslag med trøkk.
Det heile vart avrunda med kaffi og marsipankake levert av Toma.
I tillegg til fagbrevet, får lærlingane eit kunstverk i gåve frå SOK. Dette er eit symbol på samarbeidet me har hatt saman med dei, spria som gror i læretida og sommarfuglen som er klar for å ut i verda.
Kunstverket er laga eksklusivt for SOK av kunstnar Ronny Hammer.
Ein høgtidleg og fin avslutning på læretida og nye fagarbeidarar.
Lærlingane som tok fagbrev i 2025 representerer desse ulike fagområda: Industrimekanikarfaget, helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget, yrkessjåførfaget, kjemiprosessfaget, labratoriefaget, produksjonsteknikkfaget, automatiseringsfaget, platearbeidarfaget, bilfaget, salsfaget, CNC-maskineringsfaget.