Kreativ bygging og læring med LEGO
Denne vinteren har me starta med prosjektet «Kreativ bygging og læring med LEGO», som er eit eit treårig utviklingsprosjekt for elevar i 1.-4. trinn ved Farnes SFO i perioden 2026-2029. Prosjektet er eit samarbeid mellom Årdal Kulturskule, SFO og Sogn Opplæringskontor.
Målet er at barn får høve til å utforske kunst, teknologi og skaparglede gjennom aktivitetar inspirert av First Lego League Explore, og fremje kreativitet, samarbeid og meistring.
Prosjektet er delt opp i bolkar der kvart klassetrinn får kvar sine tildelte veker i SFO tida. Dei fyste fem vekene var tildelt 3. klasse. Kvar mandag frå 13.30 til 15.00 i fem veker har 3. klassingane brukt lokale i Storstova til å designe og programmere sin «drameskuleplass».
Elevane starta prosjektet med ein idédugnad der dei skulle komme med forslag til kva som kunne vere på ein skuleplass, dersom dei fekk bestemme. Elevane var kreative og ynskja både karusellar, zipline, klatretårn, trehytter, basseng, gokartbilar, fotballbaner mm. Nokre av elementa bygde elevane med Lego Essential. Der har dei moglegheit å bygge LEGO etter instruksjonar på ein iPad og programmere dei i etterkant med enkel blokkprogrammering.
Ein del av prosjektet vart produsert i andre materiale som papp, papir, svamp og pinnar, denne deler er det Kulturskulen som har ansvar for.
Den siste mandagen før vinterferien hadde 3. klassingane framsyning for 1. og 2. klasse på SFO der dei fortalte kva dei hadde laga og programmert.
Etter vinterferien er det 2. klasse sin tur å lage sin eigen «draumeskuleplass», og etter påske står 1. klasse for tur. Me gledar oss og ynskjer dei velkommen J