Lærlingsamling 2026
Om lag 70 nye lærlingar var denne veka samla til ei felles lærlingsamling i regi av Sogn Opplæringskontor. Samlinga markerte starten på læretida for mange av dei nye lærlingane, og gav høve til både fagleg påfyll og møte med andre lærlingar frå heile regionen.
Dagen starta i Teknologiparken, der lærlingane fekk ei grundig innføring i rettar og plikter som lærlingar. Målet var å gi deltakarane eit godt grunnlag for å lukkast i læretida, samtidig som dei fekk nyttig informasjon om kva som ventar dei dei komande åra.
Etter den innleiande delen vart alle lærlingane samla saman med faglege leiarar og representantar frå medlemsbedriftene til eit felles program. Samlinga gav rom for erfaringsutveksling, refleksjon og nettverksbygging på tvers av fag og lærebedrifter.
Inspirerande besøk av Marco Elsafadi
I år markerer Sogn Opplæringskontor 15 år, og i samband med jubileet hadde opplæringskontoret invitert Marco Elsafadi til å halde føredrag.
Gjennom personlege erfaringar og engasjerande historier sette han fokus på tema som motivasjon, meistring, samarbeid og det å møte utfordringar med ei positiv innstilling. Føredraget skapte stort engasjement blant både lærlingar, faglege leiarar og representantar frå bedriftene.
Etter føredraget deltok Elsafadi i ein sofaprat saman med nokre av lærlingane og lærebedriftene. Her fekk publikum høyre om erfaringar frå læretida, kva som skapar gode læringsmiljø, og korleis samarbeid mellom lærling og lærebedrift kan bidra til fagleg og personleg utvikling.
Ein viktig møteplass
Lærlingsamlinga er ein viktig møteplass nye lærlingar. Ho gir dei nye lærlingane høve til å bli kjende med kvarandre, samstundes som dei får verdifull kunnskap og inspirasjon med seg inn i læretida.
Sogn Opplæringskontor ønskjer alle dei nye lærlingane lukke til og ser fram til å følgje dei vidare gjennom læretida.