Lærling
Dersom du tek sikte på fag- eller sveineprøve i eit lærefag, kan du teikne lærekontrakt med ei lærebedrift. Då er du lærling.
Lærling er ein yrkesutøvar som inngår lovfesta arbeidsavtalar og lærekontrakt i eit lærefag med ein godkjent lærebedrift.Vanligvis går opplæringa over fire år, der dei to første åra er skulegang i vidaregåande skule, men det finns variantar av ordninga.I fag der det ikkje finst opplæring i skule, kan all opplæring skje etter fastlagt plan i ei bedrift. Opplæringa skal førebu lærlingen på fag-/sveineprøve i faget.
Fag- eller sveineprøven blir avlagt når læretida er fullført, og seinest to månader etter at den er avslutta. Prøven tek utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen og består av fire delar:
- Planlegging av arbeidet og grunngjeving for løysingane du har valt
- Gjennomføring av eit fagleg arbeid
- Vurdering av eige prøvearbeid
- Dokumentasjon av eige prøvearbeid
Lengda på prøven framgår av læreplanen for faget.
Viss du ikkje består fag- eller sveineprøven, kan du gå opp til ny prøve. Lærebedrifta skal medverke til dette, men er ikkje pliktig til å forlengje lærekontrakten fram til andregongsprøve. Dersom både du og bedrifta er samde om det, kan læretida bli forlengja ved frivillig avtale.
Vurdering
For å vurdere lærlingar undervegs krev Sogn Opplæringskontor at lærlingen dokumenterar det han/ho har lært.
Me bruker web basert opplæringsbok som lærling og bedrift får tilgang til.
Lærlingen kan da legge inn tekst og bilde samt vurdere seg sjølv i læreplanmåla satt av Utdanningsdirektoratet.