Lærling

Dersom du tek sikte på fag- eller sveineprøve i eit lærefag, kan du teikne lærekontrakt med ei lærebedrift. Då er du lærling.

Lærling er ein yrkesutøvar som inngår lovfesta arbeidsavtalar og lærekontrakt i eit lærefag med ein godkjent lærebedrift. Vanligvis går opplæringa over fire år, der dei to første åra er skulegang i vidaregåande skule, men det finns variantar av ordninga.I fag der det ikkje finst opplæring i skule, kan all opplæring skje etter fastlagt plan i ei bedrift. Opplæringa skal førebu lærlingen på fag-/sveineprøve i faget.

Vurdering

For å vurdere lærlingar undervegs krev Sogn Opplæringskontor at lærlingen dokumenterar det han/ho har lært.

Me bruker webbasert opplæringsbok som lærling og bedrift får tilgang til.

Lærlingen kan da legge inn tekst og bilde samt vurdere seg sjølv i læreplanmåla satt av Utdanningsdirektoratet.

Fag- eller sveineprøven

Fag- eller sveineprøven blir avlagt når læretida er fullført, og seinest to månader etter at den er avslutta. Prøven tek utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen og består av fire delar:

  1. Planlegging av arbeidet og grunngjeving for løysingane du har valt

  2. Gjennomføring av eit fagleg arbeid

  3. Vurdering av eige prøvearbeid

  4. Dokumentasjon av eige prøvearbeid

Lengda på prøven framgår av læreplanen for faget.

Viss du ikkje består fag- eller sveineprøven, kan du gå opp til ny prøve. Lærebedrifta skal medverke til dette, men er ikkje pliktig til å forlengje lærekontrakten fram til andregongsprøve. Dersom både du og bedrifta er samde om det, kan læretida bli forlengja ved frivillig avtale.

Her er nokre tips frå oss i Sogn Opplæringskontor.

Praksiskandidat

Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 prosent lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget.

Praksisen må:

  • vere allsidig og dokumentert

  • etter ei samla vurdering dekkje dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget

  • vere godkjend av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøva kan avleggjast

Realkompetansevurdering kan ikkje erstatte praksiskravet.

Som praksiskandidat er du friteken for kravet om bestått i fellesfag for å kunne framstille deg til fag- eller sveineprøve. Men du må bestå ein eigen eksamen for praksiskandidatar før du kan melde deg opp til fag- eller sveineprøve:

  • I dei fleste lærefag skal denne eksamenen prøve i kva grad du har nådd kompetansemåla som er fastsette i læreplanen for opplæring i bedrift i lærefaget.

  • I særskilde lærefag innanfor utdanningsprogram for elektrofag og teknikk og industriell produksjon skal denne eksamenen prøve i kva grad du har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole som lærefaget byggjer på, og som er relevante for lærefaget.

Fylka arrangerer vanlegvis eiga, eksamensførebuande opplæring for praksiskandidatar. Kvar og korleis du skal melde deg opp til eksamen for praksiskandidatar (privatisteksamen), varierer mellom fylka.

Oppmeldingsfristane er ca. 15 september og 15. januar. Rutinane for oppmelding til privatisteksamen blir annonserte i god tid før oppmeldingsfristane.

I nokre fylke skjer oppmeldinga via www.privatistweb.no. Du må sjølv betale prøveavgift til fylkeskommunen for å avleggje eksamen.

Du må også betale prøveavgift for å avleggje fag- eller sveineprøve, og du er sjølv ansvarleg for å skaffe prøvestad og nødvendig utstyr til prøva. For å melde deg opp til fag- eller sveineprøve må du kontakte fagopplæringa i fylket ditt.

Ver merksam på at dersom du ikkje består fag- eller sveineprøva, må du vente seks månader før du kan gå opp til ny prøve.

Lærlingvideo

Her er videoar me har filma av forskjellige lærlingar i forskjellige yrker der dei fortel om korleis dei sjølve opplever det å væra lærling.