Bli lærebedrift

For å bli ei lærebedrift, må det søkast om godkjenning i dei aktuelle lærefaga.

Alle bedrifter som kan gje opplæring i lærefaget sin læreplan og har tilstrekkeleg fagleg kompetanse, kan søke om godkjenning.

Opplæringslova stiller fleire krav til lærebedrifta. Det er viktig å hugse at opplæringskontoret er der for å hjelpe til dersom du treng det.

Lærebedrifta må:

  • Utarbeide ein intern plan for opplæringa med utgangspunkt i læreplanen (VG3) for faget til lærlingen. Planen kan være ei enkel oppstilling av arbeidsoppgåver knytt opp mot kompetansemåla i læreplanen.

  • Ha eit godt arbeids- og læringsmiljø som gjev lærlingen personleg støtte og kyndig veiledning.

  • Ha eit system for planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa. Dette skal dokumenterast i ei opplæringsbok/-logg/-mappe – eller gjennom olkweb som Sogn Opplæringskontor nyttar.

  • Gjennomføre vurderingssamtalar med lærlingen minst kvart halvår.

  • Jamnleg vurdere opplæringa av lærlingane i bedrifta.

  • Melde lærlingen opp til fag- eller svenneprøve ved læretida sin slutt. Lærebedrifta er ansvarleg for gjennomføring av prøven.

Tilsvarande krav vert stilt til bedrifter som tek inn lærekandidatar.

Kan bedrifta velge kven dei vil ha som lærling?

Ja, så lenge bedrifta er godkjent lærebedrift. I utgangspunktet er det opp til kvar einskild bedrift korleis dei vil rekruttere lærlingar.

Nokon føretrekker å søkje etter lærlingar sjølv og gjennomfører ein nærast vanleg tilsetjingsprosedyre. Andre vel søkjarane som opplæringskontoret formidlar. Det er òg vanleg at lærlingane sjølv oppsøkjer bedrifta og spør etter læreplass.

Viktig å være tidleg ute

Sidan nye lærlingar vanlegvis startar læretida i perioden 20. juni - 1. september, bør du starte rekrutteringsarbeidet tidleg på året. Dei mest drevne bedriftene er svært tidlig ute for å sikre seg dei beste kandidatane. Jo meir aktiv og jo tidligare di bedrift er, desto større sjans er det for at du får akkurat den lærlingen du ynskjer.

Opplæringskontoret har søkjarlista eit par veker etter søknadsfristen 1. mars. Lærebedrifter får tilsendt alle søkjarane som ynskjer å verte lærling i bedrifta. Alle karakterutskrift og vedlegg føl med. Lærebedrifta kan sjølv etter dette kalle inn aktuelle elevar til intervju for å vurdere om søkjarane vil passe i bedrifta.

Lærekontrakt

Når du har funne den rette lærlingen, skal bedrifta inngå ein lærekontrakt med lærlingen. Kontrakten er eit standardisert skjema som bedrifta får frå fylket. Den utfylte kontrakten skal returnerast til fylket seinast ein månad etter at kontrakten er inngått, slik at fylket får registrert at eleven har fått læreplass.

Dersom bedrifta er medlem av opplæringskontoret, ordnar me lærekontrakten med lærlingen, medan bedrifta har det formelle arbeidsgjevaransvaret.