Velkommen til instruktørkurs

21. mai tilbyr me våre medlemsbedrifter instruksjonskurs for nye instruktørar/faglege leiarar og oppfriskingskurs for erfarne faglege leiarar/ instruktørar.

Kurset er ei innføring i praktisk pedagogikk for ikkje-pedagogar, og inneheld både teori og praktiske øvingar. På kurset får du trening og innsikt i gode instruksjonsprinsipp og i korleis opplæringa kan tilretteleggast og gjennomførast. Du vil bli bevisst eiga åtferd og korleis du kan oppnå god læring.

Etter kurset skal du vite meir om pedagogisk teori som gjer deg til en betre instruktør. Samt vere oppdatert på Fagfornyinga og læreplanar for opplæring i bedrift. I tillegg får du opplæring i korleis følge opp lærlingar ved å bruke dataverktyet OLKWEB.

Kurset føregår i Årdal Teknologipark og det er “Først til mølla” prinsippet som gjeld. Lunsj er inkludert.

Det vil bli satt opp fleire kurs i løpet av hausten.

Meld deg på aktiviteten i olkweb, eller send påmelding med navn, mobil, epost, fag og funksjon til:

pes@sognok.no eller

anette@sognok.no

Neste
Neste

Læreplassar 2024