Lærlingsamling 2023

Den siste veka har me hatt besøk av nesten 70 nye lærlingar her i Teknologiparken for ei tverrfagleg oppstartssamling. Desse er no klare for å gå ut i lære i mange av dei spennande bedriftene me har her i Sogn. På oppstartssamlinga har dei fått fagleg påfyll, samt jobba med teambuilding både på vatn og på land.

I løpet av 3 dagar har nærare 70 lærlingar vore innom oss i Sogn Opplæringskontor for å få ein gjennomgang av kva pliktar og rettar ein har som lærling. Her har me blant anna hatt fokus på både arbeidsmiljø, haldningar, fråvær og arbeidsinnsats, samt korleis lærlingane skal få mest mogleg utbytte av læretida si. Lærlingane har også fått opplæring i dokumentasjonsverktøyet OLKWEB, som er den plattforma både opplærlingskontoret, lærlingen og bedrifta skal bruke for å dokumentere framgang og læring.

I år har me hatt besøk av lærlingar med eit stort spekter av lærefag. Her er det snakk om fag som helsearbeiderfaget, betongfaget, salsfaget,
bilfaget, indstrimekanikarfaget og energimontørfaget for å nemne nokon.

I tilegg til den faglege biten har me også hatt fokus på samarbeid og samhold. Lærlingane fekk prøve seg i kajakk eller på SUP-brett, og dei fleste tok utfordringa på strak arm. I nydelege omgjevnadar tok me turen saman med Bulder og Brak ut på Årdalsvatnet. Dei som ikkje vart freista av dette, hadde koding og programmering i Teknologiparken.

Etter mykje leik og moro smaka pizza fra både Samhold og Mama Mia godt, før dei fleste la turen heim, enten over fjorden, gjennom fjellet eller rett ned på neset.

Forrige
Forrige

Instruksjonskurs 6. oktober

Neste
Neste

Digitalt ID-kort for lærlingar