First Lego League regionsfinale i Årdal

Da har me endeleg fått summa oss etter ein fantastisk laurdag som arrangør for First Lego League Sogn. Godt over 300 engasjerte elevar, lærarar og foreldre fylte salen med jubel og heiarop då finalane gjekk av stabelen og pokalane skulle delast ut.

Fleire av oss felte nokre tårer då me såg gleda til mange av elevane i det dei tok i mot dei ulike pokalane. Men First Lego League handlar ikkje berre om å vinne. Det handlar om samhald, skaparglede og teknologi. Det handlar om å våge å tenke utanfor boksen. Det handlar tolmod, og om å jobbe med eit felles prosjekt over tid.

Det er mange grunnar til at me klarte å gjennomføre First Lego League arrangementet her i Årdal. Fyst og fremst må me takk sponsorane våre Sogn Sparebank, Hydro Aluminium Årdal og Årdal Energi Holding. Me må også takke alle dommarane som frivillig stiller opp og brukar laurdagen sin på å heie og rettleie elevane som deltok. Takk til ÅTIL som fylte kiosken med eit fantastisk variert tilbod med mat og drikkevarer. Takk til lydmann Andreas Aannevik og Kent Fimreite i Hallo Sogn, som filma og strøyma arrangementet. Takk til verkssjef på Hydro Årdal, Wenche Eldegard, for kloke velkomstord, og takk til ordførar i Årdal, Christian Sønstlien, som delte ut over 250 medaljar til deltakarane.

Til slutt må me få takke alle dei fantastisk dyktige elevane som deltar, engasjerer og heiar på kvarandre. Me er mållause.

No står den Skandinaviske finalen for tur. Kaupanger 10A og Smarties (8. klasse på Farnes skule) som kom på hhv. 1. og 2. plass, har no moglegheit til å konkurrere i Mo i Rana i den 24.  Skandinaviske finalen fyste helga i desember. Deltakarlaga må sjølv organisere og dekke reise og opphald. SOK sponsar laga med 10 000,- om dei vel å reise, men her må nok fleire sponsorar på bana, då dette er ein kostbar tur.

Oversikt over vinnarar 2023

Påmelding til finalen i Mo i Rana er fyrstkommande fredag 17. november. Me ynskjer laga lukke til.

Forrige
Forrige

Teknologiveka og besøk av 10. klasse

Neste
Neste

Stort engasjement på instruktørkurs