Over 250 tiandeklassingar fekk utforske framtidas teknologi i Årdal

Midt mellom robotar, kunstig intelligens, energi og framtidsretta teknologi fekk over 250 tiandeklassingar frå Indre Sogn denne veka oppleve korleis industrien og arbeidslivet ser ut frå innsida.

Som ein del av Teknologiveka 2026 inviterte Sogn Opplæringskontor elevar frå heile regionen til Årdal Teknologi- og Næringspark. Her fekk ungdommane prøve seg i øvingsfabrikken, besøke Hydro og møte lærlingar og fagarbeidarar som kvar dag jobbar med moderne industri og teknologi.

Målet med besøket var å gi elevane eit innblikk i dei mange moglegheitene som finst innan yrkesfag og teknologiske utdanningsløp når dei no skal velje vidaregåande opplæring til neste år.

I øvingsfabrikken fekk elevane samarbeide om å styre ein Festo-fabrikk frå ulike stasjonar. Oppgåva krevde både godt samarbeid, tydeleg kommunikasjon og raske avgjerder for å løyse utfordringane på kortast mogleg tid. I tillegg fekk dei prøve sveiserobot, delta på quiz om teknologiske oppfinningar og teste eigne ferdigheiter innan problemløysing og teknologi.

Lærlingar frå Hydro, Hydro Energi, Daco Mekaniske, HMR Hydec, Impec, Bilfinger og Hafslund Kraft guida elevane gjennom aktivitetane og delte erfaringar frå eigen kvardag som lærlingar og fagarbeidarar.

Alle elevane fekk også besøke Hydro sitt anlegg i Årdal, der dei fekk omvising av engasjerte lærlingar. Dagen vart avslutta med lunsj på Digla, der elevane fekk høve til å reflektere over inntrykka frå dagen.

Det vart også arrangert ein vennskapleg konkurranse mellom klassane. Her var det Farnes skule som stakk av med sigeren etter å ha oppnådd den beste tida på begge stasjonane i øvingsfabrikken. Klassen imponerte stort og slo faktisk tida som lærlingane sjølve har oppnådd.

Sogn Opplæringskontor ønskjer å rette ein stor takk til sponsorane våre, Sogn Sparebank, Hydro, Årdal Energi og Tekna, som gjorde arrangementet mogleg.

Ein ekstra takk går også til TOMA for flott servering gjennom heile veka, og til TIDE Buss som sørgde for trygg og smidig transport til og frå Teknologiparken.

Me håpar opplevingane frå Teknologiveka 2026 har gitt elevane nye impulsar og inspirasjon til utdanningsvalet som ventar, og kanskje vekka interessa for ei framtid innan teknologi, industri og energi.

Neste
Neste

First Lego League 2026