First Lego League 2026

Sjølv om berre eitt lag får representere regionen vår i den skandinaviske finalen, er det ikkje pokalar og plasseringar som er det viktigaste i FIRST LEGO League. Den største gevinsten er engasjementet, samarbeidet, vennskapa og all læringa deltakarane tek med seg vidare. Uttrykket «det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta» passar kanskje betre her enn i nokon annan konkurranse.

FIRST LEGO League handlar om mykje meir enn sjølve konkurransedagen. Målet er å inspirere barn og unge til å bli framtidas problemløysarar, teknologar, forskarar og ingeniørar. Gjennom fleire månader har laga utforska årets tema, utvikla eigne idéar, programmert robotar og arbeidd saman for å finne kreative løysingar på verkelege utfordringar.

Årets tema

Årets FIRST LEGO League-utfordring hadde temaet BIOGLOW, der deltakarane fekk utforske korleis menneske kan lære av naturen og dei fascinerande eigenskapane til bioluminescerande organismar. Gjennom prosjektarbeidet undersøkte laga korleis lysande plantar, dyr og mikroorganismar kan inspirere framtidas teknologi, medisin, energi- og miljøløysingar.

Temaet utfordra elevane til å tenkje kreativt og vitskapleg rundt korleis naturen allereie har funne smarte løysingar på mange av utfordringane me står overfor. Gjennom forsking, samarbeid og utforsking fekk deltakarane oppleve korleis teknologi og naturvitskap kan gå hand i hand for å skape ei meir berekraftig framtid.

Prisvinnarane

Sjølv om deltakinga i seg sjølv er ein stor premie, vart det også delt ut fleire prisar til lag som utmerka seg innan dei ulike kategoriane. I år var det fem lag som deltok i konkurransen, tre lag frå Kaupanger (Minions, Kaupanger Legoteam og Lego Lions) og to lag frå Tangen Skule (Baba Ghanoush og Hommer´n).

Me delte først ut teknologiprisen. Denne prisen går til lag som har vist framifrå arbeid med robotdesign, programmering, strategi og tekniske løysingar. Gjennom den tekniske presentasjonen imponerte laga dommarane med både innovasjon og gjennomføringsevne. I år gjekk teknologiprisen til Baba Ghanoush.

Prosjektprisen vart tildelt laget som gjennom prosjektarbeidet sitt synte ei særleg god forståing av årets tema. Vinnarane hadde identifisert relevante utfordringar og presentert kreative og gjennomarbeidde løysingar. Årets prosjektpris gjekk til Hommer’n.

Kjerneverdiprisen er ein av dei mest verdfulle utmerkingane i FIRST LEGO League. Her blir samarbeid, respekt, inkludering, lagånd og engasjement vurdert. Dette er verdiar som står heilt sentralt i konkurransen. Kjerneverdiprisen for 2026 gjekk til Baba Ghanoush, som gjennom heile prosessen viste korleis gode kjerneverdiar skaper eit sterkt lag.

Ein av dei mest spennande delane av dagen er robotkonkurransen. Etter fleire innleiande rundar stod to lag igjen på toppen av resultatlista. Vinnar av robotkonkurransen vart Minions, medan Lego Lions sikra seg ein flott andreplass.

Den mest prestisjefylte utmerkinga me deler ut er Championsprisen. Denne prisen går til laget som samla sett presterer best på tvers av alle konkurransekategoriane. I år gjekk Championsprisen til Hommer’n, som leverte imponerande resultat både innan robotkøyring, prosjektarbeid og kjerneverdiar.

I tillegg vart det delt ut ein eigen utmerking til laget som hamna på andreplass i Champions-kategorien. Denne gjekk til Minions, som gjennom dagen viste høgt nivå i alle delar av konkurransen.

Veiledarprisen gjekk i år til Henrik Fylling Selvåg som leda Kaupanger Legoteam og som inspirerete laget sitt til å gjere sitt beste, både individuelt og saman.

Sterke prestasjonar i FIRST LEGO League Explore

I år hadde me også gleda av å ha med eit lag i FIRST LEGO League Explore. Elevane frå 3. klasse ved Farnes skule deltok med ei flott utstilling der dei presenterte prosjektet sitt og demonstrerte korleis dei hadde programmert modellane dei sjølve hadde bygd med LEGO.

Gjennom dagen viste elevane stor skaparglede, nysgjerrigheit og lærelyst. Dei presenterte arbeidet sitt på ein trygg og engasjerande måte, og oppførte seg eksemplarisk frå start til slutt. Som ei velfortent anerkjenning fekk alle deltakarane medalje utdelt av ordføraren.

Deltakinga er ein del av eit spennande samarbeid mellom Farnes SFO, Årdal kulturskule og Sogn Opplæringskontor (SOK). Gjennom prosjektet får elevane på 3. trinn utforske LEGO, teknologi, programmering, kunst og estetikk gjennom leik og praktiske aktivitetar. Me er veldig stolte av desse elevane, som gjorde ein solid innsats og var flotte representantar både for skulen og Explore-programmet. Dei viste på beste vis kva FIRST LEGO League handlar om: læring, samarbeid og meistring gjennom utforsking og kreativitet.

Ei stor takk…

Sjølv om prisvinnarane fortener ekstra merksemd, ønskjer me også å rette ei stor takk til alle som har bidrege til å gjere arrangementet mogleg.

Tusen takk til sponsorane våre: Sogn Sparebank, Hydro Aluminium Årdal, Årdal Energi og Tekna.

Takk til alle dommarar, rettleiarar og frivillige som har lagt ned utallege timar for å gi deltakarane ei minnerik oppleving.

Tusen takk til Kent Fimreite frå Hallo Sogn på video.

Tusen takk til Russ 2027 for god mat og drikke i kafeen.

Takk til alle dommarane våre.

Og takk til ordførar Christian Sønstlien som kvart år prioriterer å komme for å dele ut medaljar og prisar til alle deltakarane.

Til slutt vil me gratulere alle laga som deltok i årets FIRST LEGO League. Innsatsen, kreativiteten og samarbeidet de har vist gjennom heile sesongen, er noko de verkeleg kan vere stolte av.

Nedanfor kan du sjå fleire bilete frå ein fantastisk turneringsdag i FIRST LEGO League 2026.










Neste
Neste

Lærlingsamling 2026