Om SOK
Sogn Opplæringskontor er eit tverrfagleg opplæringskontor som tek ansvaret for lærekontraktar, er med på å auke interessen for fagopplæring i bedrift og å utvikle dyktige fagarbeiderar.
Dette gjer SOK:
Administrerar alt som har med lærlingane å gjere
- skriv lærlingkontrakt/opplæringskontrakt
- føl opp opplæringsplanen til lærlingen
- oppmelding til fagprøve
Kvalitetssikrar opplæringa
- føl opp lærlingen gjennom heile opplæringsløpet
- hjelp til å utarbeide interne opplæringsplanar
- arrangerer kurs for faglege leiarar og instruktørar
Rekrutterar søkarar til faga
- har tett kontakt med ungsomskulane, videregåande skule og fylkeskommunen
- deltek på yrkesmesse
- hjelp til med å integrere utanbygslærlingane i lokalsamfunnet
Dette har bedriftene ansvar for
- at lærlingane får ein trygg og god arbeidsplass
- at lærlingane i løpet av læretida meistrar arbeidsoppgåvene som høyrer til faget
- at lærlingane får opplæring i samsvar med nasjonal læreplan i faget