Koronavirus - spørsmål og svar

Publisert: 17.03.2020 12:54

Spørsmål og svar til lærlingar og lærebedrifter
Oppdatert: 26.mars

Kan lærlingar bli permitterte?
Ja, det er tillete å permittere ein lærling. I ein vanleg situasjon vil det då vere slik at vi som opplæringskontor har ansvar for å finne ny arbeidsplass til lærlingen. Gitt den situasjonen vi er i no – vil ikkje denne kunne gjelde i praksis. I høve permittering er hovudregelen at «lærlingen skal forlate bedrifta saman med siste fagarbeidar». Det vil seie at så lenge ein har produksjon i ei bedrift og kan gi ei forsvarleg opplæring, bør lærlingen skjermast. Om ein skulle oppleve å bli permittert er det viktig at ein held dialogen med arbeidsgjevaren om dette.

Vil lærlingar som er permitterte få forlenga læretid?
Ja, om permitteringa varer over tid vil læretida bli forlenga. Om permitteringa vil vare kortare tid (under fire veker) vil dette vere ei vurdering vi gjer i høve kor langt du som lærling er komen i opplæringa di i samråd med medlemsbedrift og lærlingen. Alle desse spørsmåla vil ein ta stilling til når ein er tilbake på jobb.

Kva rettar har lærlingene som blir permittert?
Lærlingane har akkurat same rettar som andre arbeidstakarar, men sidan lærlingløna er låg vil ein i mange tilfelle ikkje oppnå kravet om minsteinntekt for dagpengar. Regjeringa har sett i gang ulike tiltak for å sikre lærlingane lønn. Av dei viktigaste endringane som er komne:

    • Lærlingane er inkluderte i regelendringa om at arbeidstakarar er sikra lønn i 20 dagar.
    • Minimumsgrensa for inntekt på 150.000,- siste 12 månader, er senka til kr 75.000,-.
    • Stortinget har no vedteke at lærlingar som har mista læreplassen i forbindelse med virusutbrotet skal få ei inntekt på nivå med lærlingløna.

Kva om lærlingane får utfordringar økonomisk?
Om ein lærling ser at ein ikkje klarer å overhalde økonomiske plikter som t.d. lån er det viktig at ein snarast tek kontakt med bankkontakta si. Bankane har forståing for situasjonen, men det fordrar at dei får beskjed. Ta elles kontakt med oss direkte om de treng hjelp til noko eller treng råd.

Kva gjer lærlingene om dei må vere heime med eigne born?
Det tidlegare regelverket om ti omsorgsdagar for kvart barn som er under 12 år er endra til 20 dagar. Om ein er åleine med omsorg for barn, har fleire barn enn to, har omsorg for kronisk sjuke barn eller funksjonshemma barn, kan ein ha rett på fleire omsorgsdagar. Om ein skulle komme i den situasjonen at omsorgsdagane blir brukte opp er det viktig at ein tek kontakt med arbeidsgjevar direkte om denne problemstillinga. I nokre tilfelle så kan ein søkje NAV om ekstradagar. Følg med på informasjon frå arbeidsgjevar eller nav.no om dette.

Vil lærlingene sine fagprøvar gå som planlagt?
Samtlege fagprøvar blir utsette på uviss tid uansett om ein har fått prøvedato eller ikkje. Vi vil halde dialogen med kvar einskilt lærling og bedrift om dette framover.

Blir lærlingene meldt opp til fagprøve som planlagt?
Ja, me vil halde fram med å melde opp til fagprøve som planlagt. Dette gjer me for at fagprøvane skal kome i gang så raskt som mogleg etter at situasjonen har normalisert seg. Då vil også prøvenemndene kunne planlegge gjennomføringa/omfang av desse.

Kva skjer om lærlingane ikkje får gjennomført fagprøva i løpet av læretida?
Då vil læretida bli utvida, og ein set ny slutt-tid for lærekontrakta.

Kva skjer med oppfølgingssamtalar framover?
Me vil gjennomføre alle oppfølgingssamtalar som normalt, men då via Skype eller FaceTime. Kvar einskilt opplæringskonsulent vil ta kontakt for å avtale med kvar einskild lærling og instruktør. Som alltid – me er tilgjengelege 24/7 for å hjelpe deg som lærling med spørsmål, eller om du rett og slett berre vil ta ein prat

Kva om me som bedrift får problem med å finne arbeidsoppgåver til lærlingane våre?
Om ein får utfordring med å gi lærlingane relevante arbeidsoppgåver, kan tida vere inne for å gi dei minifagprøver som dei kan jobbe med inntil vidare. Gi oss ein lyd så skal vi lage til minifagprøver om dette er ønskeleg.

Kva skjer med privatisteksamen for lærlingar som har meldt seg opp til den? 
Me veit ikkje heilt kva som skjer med dei som skal ta privatisteksamen. Kunnskapsdepartementet jobbar med å finne ei løysing som skal gjelde alle privatister og lærlingar. Dei ynskjer at denne situasjonen ikkje skal gå ut over utdanning- /karriereløpet til nokon. Det blir jobba for å finne løysingar på at privatistar skal få gjennomført sine eksamenar og for å finne løysingar på korleis ein kan legge opp til at fag- og svenneprøve kan la seg gjennomføre. Me oppdaterer her etterkvart som det kjem ny informasjon.