ERASMUS+ programmet
Gjennom ERASMUS+ programmet til fylkeskommunen kan SOK no tilby 3 vekers praksisopphald av læretida i Danmark, Tyskland eller Kroatia.
Kvifor Erasmus+ ?
- arbeidserfaring i eit internasjonalt miljø
- utvida fagkunnskap
- interkulturell kompetanse
- språkerfaring
- inspirasjon og motivasjon
- det hevar kvaliteten på utdanninga di
- du blir meir attraktiv på arbeidsmarknaden
Sogn Opplæringskontor tilbyr praksisopphald for lærlingar i
Tyskland (Teknologi- og industrifag, Automasjonsfaget og Elektrofaget)
Kroatia (Barne- og ungdomsarbeidarfaget) og
Danmark (Helsearbeidarfaget).
SOK oppmodar lærlingane til å nytte anledninga og ta 3 veker av læretida i utlandet. Det er 2-4 plassar + 1 følgjeperson i kvart av landa. I tillegg samarbeida me med Nordfjord Opplæringskontor, lærlingane reiser difor ikkje aleine.
Kriteria som blir lagt til grunn når me skal velje ut kven som får reise:
- motivasjon
- interesse
- fagleg og personleg utvikling
- engasjement
Me ser fram til å tilby lærlingane våre eit spennande og utviklande opphald, og ser fram til å motta søknad frå deg.
Korleis søke?
SOK vel ut kandidatar gjennom dialog, søknad og intervju. Send ein kortfatta søknad på epost der du skriv litt om deg sjølv, dine interesser, ditt engasjement og din motivasjon.
Frist 31.03.2022
Send til laila@sognok.no
